Vi har fått ny kunde!

 

 

DOBBEL PRIS: Ein kan spare opp mot 200 kroner ved eit tastetrykk på Haukeliekspressen.

FOTO: SØLVE RYDLAND / NRK

Leif Rune LølandJournalist

Even Norheim Johansen@evennorJournalist
Publisert i dag kl. 07:26 Oppdatert for 32 minutter siden

Del på FacebookDel på TwitterDel på epost
Dei som bestiller turen via appen til det offentlege kollektivselskapet Skyss, sparar mykje pengar, medan dei som betaler via det private ekspressbusselskapet, må ut med dobbel pris.

– Me ser at det er uheldig, seier produktsjef for Haukeliekspressen, Svein Helge Hauge.

Årsaka til prisforskjellen er at det 1. august i fjor blei innført langt færre kollektivsoner i Hordaland. Det førte til sterkt reduserte billettprisar fleire stader. Til dømes vart prisen mellom Etne og Odda endra frå 177 til 37 kroner.

Ein av strekningane som fekk solide priskutt, var mellom Bergen og Røldal, vintersportsstaden og fjellbygda heilt aust i Hordaland.